No startar bygginga av nytt kyrkjekontor

No er «spaden sett i jorda» for bygging av nytt kyrkjekontor på Hareid. Hareid sokn tok over bedehuset til kyrkjelydshus i oktober 2019. Etter lengre planlegging og samhandling med Hareid kommune, iverksettast no bygging av kyrkjekontor til eksisterande kyrkjelydshus - slik at begge bygga kjem under same tak, noko som har vore planen frå starten av.

SYMBOLSK FØRSTE SPADETAK: Paul Arne Ulstein (prosjektleiing Hareid kommune) og Endre Skeide (prosjektleiar HS Rise Bygg) held i spaden som illustrerer første spadetak. Stian Moldsked (formann HS Rise Bygg), Leidulv Hareide (frå soknet si byggenemnd) og kyrkjeverja Bente Andreassen Pilskog er med for å markere byggestart for prosjektet. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll, Vikebladet

Det er Bucci Arkitektur og Design som har hatt ansvaret for design og prosjektering av kyrkjekontoret. Prosjektet blei utlyst som offentleg anbod, der HS Rise Bygg AS fekk tildelinga av prosjektet. Før tomta klargjerast for byggestart, lagast ny veg mellom kyrkjelydshuset og rådhuset. Her vil det og kome fleire parkeringsplassar inntil nybygget, alt blir universelt tilpassa.

Det nye kyrkjekontoret får delvis glassfasade utvendig og eit felles takoverbygd inngangsparti saman med eksisterande bygning. Inne blir det ein liten foaje, prestekontor/samtalerom, kontorplassar for dei tilsette, møte/lunchrom, kopirom, toalett og garderobe. Frå kontora kan ein også gå ein snarveg inn til kyrkjelydshuset. Det blir totalt sett eit etterlengta løft når både kyrkjekontor og eksisterande fleirbrukshus kjem under same tak. Hareid Frivilligsentral eigast og drivast av Hareid sokn, skal ha kontor i nybygget, og det er ein fordel med kort veg inn til sentralen sitt aktivitetsrom i den gamle peisestova på kyrkjelydshuset.

Resultatet av dette byggeprosjektet kjem etter tett samhandling mellom eigedomsavdelinga i Hareid kommune v/prosjektleiar Per Erik Strandkleiv og Paul Arne Ulstein, og soknet si byggenemd beståande av Leidulv Hareide, Torgeir Ringstad, Aina Giskeødegård Balsnes, Stein Karstensen (soknerådet) og kyrkjeverje Bente Andreassen Pilskog. Dei tre førstnemnde i byggenemnda bidreg på frivillig basis.

Kyrkjekontoret og kyrkjelydshuset ligg nær kyrkja og sentralt i enden av miljøgata, alt i alt ei god plassering til det aktive, omfattande og førebyggande arbeid som soknet gjer i lokalsamfunnet. Hareid sokn er ein viktig, lokal samfunnsbyggjar, og med kontor og kyrkjelydshus under same tak og opne dører store deler av døgnet - får vi treffpunkt og ein møteplass open for alle, noko som og bidreg til å skape eit meir levande sentrum.

 

FAKTA:
·Hareid KFUK/M og Indremisjonen gav huset som vederlagsfri gåve til soknet, slik at soknet kunne drifte huset.

·Tilbygget lånefinansierast og skal dekkast av Hareid sokn, tilsvarande dagens leigetakst for kyrkjekontor.
·Prosjektleiing v/eigedomsavdelinga til Hareid kommune.
·Hareid sokn blir eigar av både kyrkjekontoret og kyrkjelydshuset.

Du kan lese meir om kyrkjelydshuset her.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"